Eirik Aardal Lorentzen (22)

- Det er mogeleg at eg er noko seint ute med denne stilen, men eg kjenner meg vel med slik sveis. Det er mange gamlinger som snakkar til meg, og seier at dette var vanleg då dei var unge. Eg er ingeniørstudent og vil arbeide med fornybar energi. Om sveisen tilhøyrer fortida, skal yrket mitt tilhøyra framtida. Då skal eg gjera alt eg kan for å bidra til at den globale oppvarminga vert redusert.