Irene Jørgensen (63) og Inge Løtveit (62)

– Den flottaste gåva eg har fått i livet, var frå Inge. Ikkje lenge etter at me hadde møtt kvarandre på eit kurs for synshemma i 2002 på Askøy, fekk eg ein lydkassett i posten. På den hadde han sett saman ei nydeleg blanding med musikk og si eiga stemme. Stemma hans var så fin, og det han sa, gjekk rett til hjarta mitt. Eg har kassetten liggjande, men ingen andre har fått høyra det han sa til meg. Det skal berre bli mellom meg og han. Det er ein styrke for forholdet vårt at begge er synshemma. Me har meir tolmod med kvarandre, trur eg. Inge er god til å oppmuntra meg. "Dette klarar du, Irene", er fast uttrykk hos oss. Dessutan er han ein meister til å orientera seg etter sola og vinden. Me finn alltid vegen saman.