Hamza Al-Mimi (12)

– Eg elskar skating. Problemet er berre at på Evanger der eg bur, er det elendige treningstilhøve for oss skatarar. Målet mitt er ikkje å bli ekspert, men eg vil prøva å bli ganske god. For å få trening må eg reisa til Voss, der er det topp! No er eg og veslebror vår i Bergen og trenar med storebror. Han er knallgod. «Det fine med skating», seier han til oss, «er at du kan halda på for evig og aldri bli utlærd».