Anne Merete Vik (22)

- Eg fekk åtvaringar om regnet i Bergen, men tenkte at det kunne vel ikkje vera så altfor gale. I juni flytta eg hit frå Fyresdal for å arbeide som sjukepleiar. Det er sju kilometer frå der eg bur til arbeidsplassen, og eg har teke ei viktig avgjerd om at eg syklar, uansett regn eller ikkje.